Sammen for et godt arbeidsmiljø.

Arbeids­tilsynet med nytt verktøy for renholds­virksomheter

Ny bransje i Arbeidsmiljø­portalen: Nå kan også renholdere finne kunnskap om bransjen sin og få et gratis verktøy for et bedre arbeids­miljø.

Publisert

Pressemelding fra Arbeids­tilsynet:

– Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeids­miljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeids­tilsynet.

Reinhald er ein ny bransje i Arbeidsmiljø­portalen. Om lag 67 000 personar jobbar som reinhaldar. I portalen kan arbeids­givarar og arbeids­takarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeids­miljø.

Trude Vollheim.

Arbeids­miljøet kan ha mykje å seie for sjuke­fråvær

Nær halvparten av dei med fråvær i reinhalds­bransjen oppgir at dette kjem av helse­problem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helse­plager og sjuke­fråvær, og arbeids­miljøet kan ha mykje å seie.

Fleire reinhaldarar opplever lav kontroll i arbeidet. Dei kan ha liten mogleg­heit til å bestemme arbeids­tempo og pausar, og liten moglegheit til å påverke avgjerder knyt til egen arbeids­kvardag. Det kan føre til både muskel- og skjelett­plager og psykiske plager.

Arbeid på huk eller kne og hyppig kontakt med vann og rengjerings­midlar, er også faktorar som påverkar arbeids­miljøet i denne bransjen. I Arbeidsmiljø­portalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljø­forhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i reinhalds­bransjen.

Få et bedre arbeids­miljø

Arbeidsgiver har ansvaret, men alle på arbeids­plassen bidrar til hvordan dere har det på jobb. Derfor må dere sam­arbeide om å skape et godt og trygt arbeids­miljø.

Sjekk ut Arbeids­miljø­hjelpen (link til Arbeids­tilsynet)

Bransjar med stort førebyggings­potensial

Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:

– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeids­miljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggings­potensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.

Enklere å få HMS-kort

Sjekk ut Arbeids­tilsynets HMS-app, som gjør det enkelt å få HMS-kort (link til Renholdsnytt 31/3-2022)

Nyttig for å ta tak i eigne arbeids­miljø­utfordringar

Arbeidsmiljø­portalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljø­portalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljø­utfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljø­hjelpen og En bra dag på jobb.

Kilde: Reinhald – ny bransje i Arbeids­miljø­portalen (link til Arbeids­tilsynet)

Renholdsnytt kommer ut seks ganger i året, og er det eneste fagbladet i Norge som retter seg mot den profe­sjonelle renholds­bransjen.

For deg som ønsker en aktiv deltakelse innen ditt fag og i din bransje og å holde deg oppdatert, er fagbladet Renholdsnytt et uvurderlig tidsskrift.

Bestill abonnement

Last ned bladet

Vi sender ut gratis nyhetsbrev ukentlig.
Her kan du melde deg på

Powered by Labrador CMS